- Catering, kafè og delikatessebutikk på Svortland! -



Scampiavjar

(Tilrekna for 4 personar)

20 scampi utan skal

1 hakka kvitløksfedd

2 ss hakka persille

3 ss olje

3 ss kvitvin

3 dl kremfløyte

2 ss ajvar relish

400 gram ukokt pasta

Salt & pepar

Surr scampiane, eit hakka kvitløksfedd og to spiseskjeier hakka persille i tre spiseskjeier olje. Tilsett tre spiseskjeier kvitvin og tre dl kremfløyte. Kok opp og smak til med omtrent to spiseskjeier ajvar relish, salt og pepar.

Serverast oppå kokt pasta saman med eit godt brød.


NYT!



Tilbake til oppskriftsliste

Lat deg bli inspirert - alle kan laga mat!