- Catering, kafè og delikatessebutikk på Svortland! -



Kyllinglår fylt med kremost, soltørka tomater og urter

4 stk. kyllinglår naturell

100 g kremost med hvitløk og/eller urter

5 stk. soltørka tomater , grovhakka

10 blad frisk basilikum , hakka

Sitron- og basilikumcouscous:

2 1/2 dl couscous

Saft og skall av ½ stk. sitron

1/2 potte frisk basilikum

Ca. 4 ss olivenolje

Salt og kvernet pepper

Skjæ ei lomme i kvart kyllinglår med ein skarp kniv. Prøv å laga lomma stor, men opninga så liten som mogleg. Bland saman kremost, soltørka tomater og hakka basilikum. Fordel osteblandinga i kyllinglommene, og lukk opninga med ein tannstikkar. Gni filetane inn med salt og pepar, og drypp på litt olivenolje.

Kok couscous etter anvisning på pakken. Bland inn sitronsaft og -skall og hakka basilikum og bland lett med ein gaffel. Smak til med olivenolje, salt og pepar Grill låra på begge sider i 12-15 minuttar (snu ofte), eller til det piplar ut blank kraft når du stikk i det med ein spiss kniv. Server dei fylte kyllinglåra med sitron og basilikum-couscous og gjerne ein vinaigrette (olje-/eddikdressing).


NYT!



Tilbake til oppskriftsliste

Lat deg bli inspirert - alle kan laga mat!