Snopekaka

Snopekaka er blitt manges favorittkake, og den kan du bestilla hos oss!

Gåvepakke frå Marinaden

Kva med å gje vekk ein gåvepakke frå Marinaden til jul?

Spissøy-pakken

Pasta latini –produsert av Carlo og Carla Latini, som plukkar ut dei seks beste kveitesortane det året, for å laga den beste pastaen.

Prøv Pasta Carbonara med erter og chili; (4 pers) 500 g Latini pasta (kokes al dente), 2 finhk kvitløk+1/2 finhk chili+300 g terna pancetta el bacon (svisses i 5 ss olivenolje), ha i 250 g frosne erter, visp saman 6 eggeplommer, 100 g parmesan og 4 ss av kokevatnet til pastaen. Bland saman pasta, eggebl., og pancettabl., kvern over rikelig med pepar. Server med godt brød og nyyyt!

Gode drops-nydelige smakar og minner om rause bestemødre og tanterJ

Syltetøy den Gamle frukthage- godt, klassisk dansk syltetøy

Pitachips med havsalt- sprø og knallgod chips, fantastisk god med Hummus-dip (oppskrift på www.marinaden.no )

Kr 250,-

 

Brømsund-pakken

Anfosso ekstra virgin olivenolje-laga av dei beste oliven frå Toscana og det nordlege Italia. Kvalitetsolje i flaske med tøff design!

The frå Marinaden-smakfull the til gode kveldar!

Ranch krutongar-supergode krutongar, prøv dei i supper og salatar. Kjekt å ha «på lur», …faren er at nokon finn posen, og et dei som snacks…. ;-)

Sjokolademandlar frå Summerbird- spanske Delice og Marconas mandler dekka med sjokolade med gode smakar,….NAM!

Ajvar-eit glas med smak me og mange av kundane våre er blitt svært glad i!  Ein relish basert på paprika, litt kvitløk og chili (ikkje sterk) Brukes i tomatiserte supper, sausar og gryteretter, dressingar (god som dip, blanda med rømme, salt, sukker, pepar og litt lime). Eller kanskje du har lyst til å laga den populære krydra biffsuppa vår? oppskrift på www.marinaden.no

Chardonnay fatlagra kvitvinseddik-ein eddik av dei sjeldne! Fantastisk god eddik som er lett søtlig, og har markert rein syre smak som varer lenge. Denne Parmesan- og chardonnay vinaigretten er nydelig til steikt fisk og salatar: 1 dl Chardonnay eddik, 1 ts dijon sennep og 50 g revet parmesan røres saman. Pisk inn 2 dl solsikkeolje og 1 dl ekstra virgin olivenolje. Smak til med salt pepar og litt sukker.

Kr 350,-

 

Lykling-pakken

Syltetøy frå Tveit gaard i Sveio- kan lett bli eit yndlings-syltetøy! Desse folka kan sine ting, får fram smaken av sommar!

Anfosso oliven- italienske oliven med supergod smak!

Urtesalt frå «Høgt og Vilt»-velsmakande urtesalt, brukes både til bordsalt og smakstilsetning. Godt til det meste!

Spekepølse frå Italia- nydelige smakar! God som snacks, gjerne saman med ein vellagra parmesan eller pecorino, gode oliven og noko godt i glasetJ

Røykt paprikapulver- godt tilleggs-krydder å ha i heimen. Bruk det på steikt kylling eller kjøt, steikte poteter, i gryter (supergodt i retter med kikerter og grilla paprika)

Ramsløk- «den norske kvitløken». God i eller oppå brødbakst, som topping på potetsuppe, i dressingar. Sjå oppskrifter på; www.noring-ans.no

Brente mandlar- sprø, søte og gode! Nyyytes!

Illialda olivenolje med basilikum-god basilikumsmak!! Nydeleg på ovnsbakt fisk, til vinaigrette eller til å «dip» til godt brød saman med havsalt.

Kr 500,-

 

Siggjo-pakken

Saft frå Tveit gaard i Sveio- skikkelig god «heimalaga» saft!!

Hermetiske plommer-nostalgisk og veldig god dessert med piska krem eller råkrem til.

Hasselnøtter med hasselnøttkrem-kan det bli bedre? Kos til kaffien!

Urtekrydder til fisk- nydeleg til ovnsbakt fisk, saman med olivenolje, sitronskal og saft, salt og pepar.

Salamisnacks frå Lundal- knallgod snacks frå Åkrafjorden.

Syltetøy frå Tveit Gaard- kan lett bli eit yndlings-syltetøy! Desse folka kan sine ting, får fram smaken av sommar!

Anfosso grissini- god smak til spekemat, ost, supper og salater!

Balsamico-gele- fantastisk god smak, til steiker, viltkjøt, vellagra fastostar, frukt, is.

Lissella sennep, søt & sterk- søt og sterk sennep med lang ettersmak. Smaksrik og velbalansert. Til pølser, ost, dressingar. Nydeleg når du skal laga sennepsaus til gravlaksen.

Anfosso oliven- italienske oliven med supergod smak!

The frå Marinaden- smakfull the til gode kveldar.

Kippers frå Bornholm- vår populære Kippers. Rugbrød, kokt egg, løk eller vårløk, rødbetar (majones) NYT!

Anfosso ekstra virgin olivenolje- laga av dei beste oliven frå Toscana og det nordlege Italia. Kvalitetsolje i flaske med tøff design!

Pasta Latini- produsert av Carlo og Carla Latini, som plukkar ut dei seks beste kveitesortane for året, for å laga den beste pastaen.

Kr 900,-

 

 

 

Facebook

Hei!

No har me fått oss facebook-side – gå gjerne inn for å sjå på den, og “lik” oss om du vil!

https://www.facebook.com/MarinadenAS

 

GOD MIDDAG!

No kan du kjøpa gode middagar hos oss kvar dag (ikkje laur) frå kl 11 30. Me har ein middagsrett kvar dag; t.d. Klippfisk, Kjøttkaker, Sosakjøt, Bacalao. Du kan kosa deg med middagen i kafeen eller heime.

 

Gåvepakkar

Alle ynskjer seg ei gåve frå Marinaden!

 

Kaffikospakken:

Termobeger i porselen, blå java-kaffi og hasselnøtter med hasselnøttkrem kr 335,-

(Nydelig og praktisk thermokrus i porselen med silikonlokk, den beste kaffien og og fantastiske sprø og jysla gode hasselnøtter med hasselnøttkrem)

_______________________________________________

Bømlapakken:

Salma laks, honning frå dei snillast Bømla-biene, Brødpose frå Spøt og spindel (Janne Robberstad) med brød frå Marinaden , pris frå kr 420,-

_________________________________________________

Alvsvågspakken:

Pasta frå Morelli –italiensk kvalitetspasta med ekstra god smak og konsistens

Pasta krydder, Casale Paradiso –svært smakfullt til pasta, godt og som krydder i f.eks brød (lurt å koke opp med litt vatn og olje for optimal smak)

Drops –nostalgiske drops, nydelige rett og slettJ

Grissini –våre populære og gode grissini, god som snacks, til pasta og salatar og ost.

Kr 200,-

_________________________________________

Skinnhuenespakken:

Brente fiken –godt tilbehør til ost. Prøv og å riste ass. nøtter og blande med hakka brente fiken og litt av «sausen»; ekstra godt tilbehør til ost (prøv til varm brie eller rødkittost)!

Chef Paul Krydder –ein krydderserie frå den verdskjende kokken, gode smakar og ingen tilsetnings-stoff!

Dalfour-syltetøy –vårt populære og velsmakande syltetøy som er søta med fruktjuice.

Crustini –gode crostini til tapas, i salat og til dampa blåskjell!

Bringebærdrops –fin nostalgi og nydelig smak! (me drøymde oss tilbake til butikken i Austvikjo på Goddo, der Aslaug og Gustaven var raus med drops til oss ungane)

Dressing frå Wild Apetite –fantastisk smakfull dressing som inneheld lite vatn, og derfor held seg opna i kjøleskap opptil ½ år)

Kr 300,-

_______________________________________________

Hiskjopakken:

Spekematsnadder frå Lundal –velsmakande spekesnacks

Plommer frå Hardanger –nostalgisk og god dessert med krem eller råkrem til

Ranch Krutongar –nydelige krutongar, gode i supper og salatar (prøv blåskjell i tomat/chili med desse til; nammmm…), eller rett og slett som snacks..

Vår Gourmet-sjokolade –kosegod sjokolade!

Vårt gode Dukkah-krydder –me har laga vår eigen Dukkah-blanding av rista krydder og nøtter. God smak til steikt/bakt fisk eller kylling, til brød dyppe med olje og til mango og yoghurt som dessert!

Marmelade frå Spania –sitron el. Appelsinmarmelade med smak av solmoden Spansk sitrusfrukt. God på frukost-toasten!

Gourmetkaffi –god kaffi, rett og slett!

Urtesalt frå Høgt og Vilt –velsmakande urtesalt, brukes både til bordsalt og smakstilsetning. Godt til det meste!

Rugsnacks –godt til julepålegget eller til kippers, og nydelig med Skagen-salat på (prøv vår oppskrift på http://www.marinaden.no/ )

Kippers frå Bornholm –våre populære kippers. Rugbrød, kokt egg, løk, rødbetar (majones) –NYT!

500,-

____________________________________________

Grutlepakken:

Gourmet-grissini frå Italia –rustikke grissini med nydelig smak!

Oliven frå The Olive company –utvalgte, assorterte oliven frå vår «favoritt-olivenleverandør» NYTES!

Ekta lakris frå RJs – denne er det fare for at ein kan bli avhengig av;-)

Gourmet-the –vår utvalgte velsmakande the.

Plommer frå Hardanger –nostalgisk og god dessert, nytes med piska krem eller råkrem

Dressing frå Wild apetite –fantastisk smakfull dressing (inneheld lite vatn, og held seg derfor opna i kjøleskap opptil eit halvt år)

Hasselnøtter med hasselnøttkrem –kos til kaffien!

Spekesnadder frå Lundal –nydelig snacks frå Åkrafjorden.

Urtesalt frå Høgt og Vilt –velsmakande urtesalt, brukes til både bordsalt og smakstilsetning. Godt til det meste!

Våre gode drops –nostalgiske drops, og så gode som dei er!

Dalfoursyltetøy –vår populære og velsmakande syltetøy som er søta med fruktjuice.

Brente fiken –godt tilbehør til ost. Prøv og å riste ass nøtter og blande med hakka brente fiken og litt av «sausen»; ekstra godt tilbehør til ost (prøv til varm brie eller rødkittost)!

800,-

_____________________________________________

Salmapakken:

Salma-laks: eit ekte Bømlo-produkt som me Bømlingar er svært stolte over. Superfersk laks av høg kvalitet, produsert i Kvednavikja på Bømlo. Gode oppskrifter på http://www.salma.no

(populære oppskrifter: Salma med cremefraiche, soyasaus og sitronpepar evt Salma med creme fraiche og mangochutney)

Velsmakande er og ovnsbakt Salma med blomkålkrem (-blomkål i bukettar kokes, moses med stavmixar, kok opp med kremost naturell, smør, kremfløyte, salt og pepar)

Urtesalt frå Høgt og Vilt: eit velsmakande urtesalt, brukes til både bordsalt og smakstilsetning. Godt til egg, fisk, kjøt, poteter, grønsaker m.m. Gå inn på http://www.hogtogvilt.no og finn godsaker du kan bruke urtesaltet til (for eksempel Urtekrydra Haustpai!) Salma-laksen er og nydelig som ovnsbakt med urtesalt, sitron, olje, salt og pepar!

 

Hot wasabi sauce: ein «hot» asiatisk-inspirert saus som er god til sjømat, steikt kjøt, pizza og salat. Prøv gjerne ovnsbakt Salma- laks (eller rå i skiver, dersom du likar det) saman med ein salat med hot wasabi- saus over)

 

(prisen på desse gåvepakkane vil vera frå 200,- kr. alt etter størrelsen på Salma-laksen)

NYT DAGEN!

_______________________________________

Håpar du får nyt(t)a matpakken frå oss! Helsing oss på Marinaden.

 

 

Julamat!

Iskake med Mascarpone

ISKAKE MED MASCARPONE

Kakebotn:

100 g smør

150 g digestivekjeks

el kornmokjeks

-knus kjeksa og bland m smør i foodprosessor,

Trykk deigen nedi form 24 cm, med bakepapir i botn

Mascarponekrem:

400 g jordbær

120 g sukker

1 sitron

3 egg

4 ss frukt eller bærlikør

500 g mascarpone

-mos jordbæra m ½ parten av sukkeret.

Riv skallet, og press safta av sitrona.

Ha eggeplommer, sitronsaft, 1 ts sitronskal, likør og resten av sukkertet i ei lita panne/stålbolle, sett i vannbad og visp tilkremen blir tjukk og krema. Ta av varmen, og rør av og til mens kremen avkjøles. Rør mascarpone inn når kremen er lunken. Stivpisk eggekvitene, og vend inn i mascarponekremen.

Hell 1/2parten av kremen oppå kjeksbotnen, ha på jordbærpureen, og deretter resten av kremen. Dra ein gaffel gjennom for marmorering. Dekk med folie og frys ca 4 timar

 

 

I butikken akkurat no

 

Sommar i Tollhagen 2011

I forbindelse med Mostrafestivalen og Highlights-musicalen til Bømlo teater, laga me Tollhagen mat-og vinstove i Tollhagen ved Moster Amfi. Me selde nylaga lemonade, Salma med engsyresaus, niblemat, hermetiske plommer med råkrem og litt vin…

Martin og Linda-Birgitte selde gode ting frå Litle-Marinaden med stor entusiasme!

Supergode bringebærdrops!!

Gode folk laga god stemning. Solfrid Sivertsen og Atle Hansen laga ekstra stemningsfull kveldsunderholdning. Heise kjekt å ha uterestaurant når det er sommar, sol og smilande folk!

 

 

Tollhagen mat- og vinstove

Komande helg har me mat- og vinstove i Tollhagen, ved Moster Amfi!

 

ope:
fredag 10. juni kl. 16.30-23.00
laurdag 11. juni kl. 11.00-23.00
søndag 12. juni kl. 12.30-23.00

Me ynskjer deg velkommen til
eit godt måltid i ein fantastisk hage!

Du kan og nyta flott kunst av
Torunn Steinsund Thomassen og
Jane Alfredsen-Nielsen inne i Huset.

Laurdag les Solfrid Sivertsen og
Atle Hansen eigen litteratur i Tollhagen;
Solfrid kl. 18.00 og Atle kl 21.30.

På menyen har me blant anna Salma-laks, sursteik, Cæsarsalat, barnevennlege kyllingvinger og rabarbrasuppe. Noko for einkvar smak!

La humla suse og nyt eit glas nylaga lemonade!

Helsing Sonja og Anita og dei gode hjelparane!

Tapasmeny
Varmrett
koldtbord
dessert
sjomat
konfirmasjon
festmat